|
På stiftingsmøtet 20. april 2006 var det 16 som teikna medlemskap. Etter møtet har sju nye medlemmer kome til, og til saman er det no teikna 28 andeler slik at andelskapitalen er på kr 140.000,-.
Saker som styret så langt har tatt tak i er etablering av Hjortefestivalen, førjulsarrangementet Jul i Vikedal, og tatt eit initiativ når det gjeld planane om ein framtidig idrettshall i Vikedal.
Eit medlemskap i Vikedal Utvikling kostar kr 5000,- og dette er òg andelsprisen. Firma, organisasjonar og enkeltpersonar kan vere medlemmer.
Spørsmål om dette kan rettast til underkrivne på tlf. 90547433.
Velkommen som medlem i Vikedal Utvikling!
Med helsing
Vikedal Utvikling BA
v/Sivert Ole Holten
Sekretær
|